Arv,handverk frå Nordfjord,håndverk,husflid, rosemåling,dreiing,sveiping,vev,nordfjordbunad,bunad, åkle,rosemaling,tine,ølbolle,veving,firmagave,firmagåve,bunad,snekkerverksted,snikkarverkstad,smettvev,rutesmett,kaketine,kiste,skrin, handarbeid,dekormaling,dekormåling,korg,fat,gåve,gave,bunadscape,bunadsokkar,bunadsølv,sokkeband,bunadlomme,bunadband,damebunad,herrebunad,bunadskjorte,bunadsbroderi,bunadforkle,bunadlomme,bord,benker,skap,framskåp,turkopp,vogge, Arv er ei gruppe handverksprodusentar i Nordfjord. Vi byggjer på gamal tradisjon, men ser også ei utfordring i nyskaping. Arv har eit stort og variert produktutval, nordfjordbunad sydd etter mål,vevde åkle og løparar, rosemåla vogge, kister, skap,langbord og benkar, sveipte kaketiner, øsjer, fat og bollar. Vi kan og utføre restaurering av gamle gjenstandar og møblar, eller nylaga på grunnlag av det gamle. Du finn oss i Gloppen kommune, der vi har varer på Byrkjelo T-info og i Hetle sin verkstad. Velkomen til ARV si heimeside! ARV er ei gruppe handverksprodusentar frå Nordfjord. Vi byggjer på gamal tradisjon, men ser også ei utfordring i nyskaping. Eit produkt frå oss vil vere gjenstand for glede og beundring i notid som i framtid. Treng du ei personleg gåve til eit spesielt høve, då kan vi hjelpe deg. Arv har eit stort og variert produktutval: Møblar Tredreiing Rosemåling Vev Sveiping Nordfjordbunad Vi lagar møblar etter kunden sine ønskje og idear. Alle våre produkt kan tilpassast etter avtale. Vi utfører også restaurering eller kopiering av gamle gjenstandar og møblar Utsalget vårt finn du på Reed i Breim. Sals- og utstillingslokalet vårt er ved verkstaden til Lars, det store kvite huset opp i bakken rett ovanfor Reed sentrum, sjå skilt: HANDVERK ved Teina barnehage. Ring gjerne til Lars på førehand tlf.57 86 83 43 sjøv om han oftast er der i vanleg arbeidstid. Frå 1.juni har vi også varer på den nye turistinformasjonen / bygdekontoret på Byrkjelo. Velkomen innom der! Ope 11- 18, mån.- laurd. Velkomen til å sjå vidare på sida vår, og kva den enkelte har å tilby.... Sjå "Produsentar" i menyen. Nordfjord ARV er ei gruppe handverksprodusentar frå Nordfjord, med eit forpliktande samarbeid. Gruppa vart skipa for ti år sidan. Nokre av dei som var med då, er framleis med. Nokre har slutta og nye har kome til. Vi jobbar alle sjølvstendig, men marknadsfører oss oftast samla. Vi kjem jamnleg i hop, støttar og inspirerer kvarandre. Vi dreg på messer og studieturar og har det sosialt og hyggeleg i lag! I Hetles Snikkarverkstad på Reed har vi utstillingslokale. Du finn oss i eit stort kvitt hus oppe i bakken, forbi Teina barnehage, ca. hundre meter frå Reed sentrum. Lars er der i vanleg arbeidstid. Kjem du til andre tider kan du ta kontakt på telefon 57 86 83 43 og avtale besøk. Ta elles kontakt direkte med kvar einskild produsent. Dreiing Olav Skinlo Vev Anne Britt Lotsberg Rosemåling Aud Bergheim rosemåling. Liv Tone Aabrekk Nordfjordbunad. Snekkerverkstad Lars Hetle Olav Skinlo Dreiing og sveiping. Eg bur med flott utsikt over heile Breimsbygda, på garden Skinlo i Breim. Aud Bergheim Rosemåling Tinga mine kan målast med namn, årstal og eventuell helsing. Slik kan du få ei heilt personleg gåve. Du finn meg i Sandal i Breim. Sverre Aamodt Sveiping og dreiing Eg held til på Rygg, på sørsida av Gloppefjorden, ved øvre vegen, litt før du kjem til Gamlekyrkja på Gimmestad. Anne Brit Lotsberg Vev Eg bur høgt og fritt på Lotsberg, ein tek av rett forbi fergekaia på Lote (På vegen mot Nordfj.eid) Lars Hetle Snekkarverkstad Verkstaden finn du i eit stort kvitt hus rett opp i bakken ovanfor Reed sentrum. Skilt m. HANDVERK ved Teina barnehage. Hjåmeg har også ARV sals- og utstillingslokale. Liv Tone Aabrekk Nordfjordbunad Du finn meg lett ved Breimsvatnet, mellom dei to tunellane på strekninga Reed -Sandane. MATERIALA blir utvalde med stor omhug. Produkta til ARV kan leverast trekvite eller med den overflatebehandlinga som kunden ønskjer: Oljing som gjev ei silkematt overflate og som framhevar dei ulike tresortane sin eigenart Lasering og patinering Rosemåling og dekormåling Kolrosing og karveskurd Rosemåling I Nordfjord fanst det ein eldre rik tradisjon med karveskurd og sviing i geometriske mønster. Det vi finn av gamal rosemåling er inspirert av dette - symmetriske stilreine motiv Småprodukt Dreia skåler, bollar, drikkebeger m.m. Sveipte øskjer, tiner og korger Dreiing Dreiing er ein gamal måte å forme bruksting på i tre. I eldre tider med primitivt utstyr, utnytta dei materialet sin eigenskap i rå tilstand for å forme det. Med nødvendig materialkjennskap kunne dei forme store emne og likevel unngå sprekkar. Sjølv med moderne utstyr, nyttar vi oss av dei gamle metodane. Dette kan gjerne vise att i overflate og fasong på den ferdige bollen. Arv Dersom du vil bestille nokre av produkta våre, har spørsmål eller særlege ønskje så ta kontakt med oss på telefon eller epost. Produsent Tel: E-post Lars Hetle 57 86 83 43 Sverre Aamodt 57 86 78 47 916 05 560 Aud Bergheim 57 86 88 21 917 30 318 post@sandalgard.no Olav Skinlo 57 86 83 38 901 00 255 Liv Tone Aabrekk 57 86 52 50 481 01 448 livtoneaabrekk@yahoo.no Anne Brit Lotsberg 57 86 77 80 911 41 458 lotsbe@frisurf.no Arv,handverk frå Nordfjord,håndverk,husflid, rosemåling,dreiing,sveiping,vev,nordfjordbunad,bunad, åkle,rosemaling,tine,ølbolle,veving,firmagave,firmagåve,bunad,snekkerverksted,snikkarverkstad,smettvev,rutesmett,kaketine,kiste,skrin, handarbeid,dekormaling,dekormåling,korg,fat,gåve,gave,bunadscape,bunadsokkar,bunadsølv,sokkeband,bunadlomme,bunadband,damebunad,herrebunad,bunadskjorte,bunadsbroderi,bunadforkle,bunadlomme,bord,benker,skap,framskåp,turkopp,vogge, Arv er ei gruppe handverksprodusentar i Nordfjord. Vi byggjer på gamal tradisjon, men ser også ei utfordring i nyskaping. Arv har eit stort og variert produktutval, nordfjordbunad sydd etter mål,vevde åkle og løparar, rosemåla vogge, kister, skap,langbord og benkar, sveipte kaketiner, øsjer, fat og bollar. Vi kan og utføre restaurering av gamle gjenstandar og møblar, eller nylaga på grunnlag av det gamle. Du finn oss i Gloppen kommune, der vi har varer på Byrkjelo T-info og i Hetle sin verkstad.